Galleri Walaker 300

Kunstgalleri

Galleri Walaker 300 er vårt kunstgalleri i den gamle fjøsbygningen frå 1883. Her kjem det kunstnarar frå fjern og nær for å stilla ut sine verk. Kvart år kjem det ny kunst i form av bilete og skulpturar. Det er ein til to utstillingar i året, og kunsten er til sals.

Kvar kveld, etter middag, er det ei vandring i galleriet med 9.generasjon, Ole Henrik Nitter Walaker. Her kan den som vil bli med for å læra meir om hotellet og Solvorn. Dette tilbodet er inkludert i “Opplev Walaker” pakken.

Høyloftet i galleriet

Den gamle låven for høy- og kornlagring, kallar me Høyloftet. Rommet vert brukt som møterom i tillegg til kunstutstilling. Her kan ein arrangera kurs og konferanse i utradisjonelle og inspirerande omgjevnader. Me tilbyr hestesko-oppsett for opptil 21 personar eller kino-oppsett for opptil 70 personar.

Smalahuset i galleriet

Smalahuset er eit serveringslokale i det gamle sauefjøset, i fyrste etasje av Galleri Walaker 300.

Smalahuset er eit kjekt lokale for grupper på opptil 36 personar. Her er det tilgang på projektor og lerret for privat bildeframsyning.

Smalahuset blir utsmykka med kunst i form av bilete og skulpturar, kvar sesong.

Møkakjellaren i galleriet

Møkakjellaren egnar seg godt til kakebuffet eller som eit intimt dansegolv i festlege lag. Her er ulike bilete og skulpturar utstilt.