Walaker Hotells frukost


Kvar morgon kan me freiste med ein god frukost.

Klokkeslett for frukosten blir avtalt med kvar gjest kvelden i forvegen, for å unngå at alle gjester kjem samtidig. Frukosten pågår mellom kl. 08.-10. Me ber våre gjester om å oppretthalde tidspunktet som avtalt med betjeninga, for at opplevinga skal bli best mogeleg.

Me ber om forståing for at alle våre gjester ikkje kan koma samtidig, og me takkar for fleksibilitet.

Vår frukost kombinerer den tradisjonelle buffèen med varmrettar À la carte frå kjøkenet. Bufféen vår er bemanna og ein kan forsyne seg både to og tre gonger om ein vil!

Frå kjøkenet kan me freiste med Egg Benedict, omelett, eller heimelaga havregraut med friske bær.

Besøkjer du oss bør du også nyta litt av den fantastiske eplejuicen frå Solvorn, produsert av Eplet bed and breakfast.

Frukosten vert servert i hotellets restaurant, i glasverandaen, eller om vêret tillèt det, - ute på frukostplattingen. På frukostplattingen er det seks bord tilgjengeleg, så me anbefalar ein tidleg frukost for dei som er interessert i eit bord der.

For dei som startar dagen tidleg, har me kaffistasjon med sjølvbetjening frå klokka 06.30, ved inngongen til Hovudhuset og Annekset.