Bygda Solvorn

Historiske Solvorn:

“Historiske Solvorn” henta frå brosjyren «Velkomen til Solvorn - perla ved Lustrafjorden:» Skreve av Trond Henrik og Agnethe ved Eplet bed & Apple i Solvorn (redigert. 2022):

For 10.000 år sidan var Norge dekt av ei tjukk iskappe. Under issmeltinga demde ein rest av isbreen opp ein innsjø på Hafslo. Då trykket frå vatnet blei for stort og isen brast, fossa vassmassane fram og gravde ut to djupe gjel øvst i Solvornsdalen. Stien opp vestsida av det bratte Skormagjelet var i tusener av år den enklaste vegen frå Hafslo og Veitastrond ned til Lustrafjorden og omverda.

Utover på 1800-talet vart det enda viktigare å få frakta varer mellom Hafslo og fjorden, og i 1860 vart det bygd ein køyreveg. Denne heiter i dag “Gamlevegen”, og er ein idyllisk sti med gras og svart smijernsstakitt. Vegen var bratt, og for hestar med tunge vognlass var den svært farleg. Etter fleire ulukker bygde dei ein ny trassè.

Den nye vegen stod ferdig i 1893, men er utvida fleire gonger fram til i dag. Det er hevda at vegen vart lagt på skuggesida av dalen for at han skulle ha lengst mogleg sledeføre utover våren. På Hafslo og Veitastrond låg snøen lengre enn nedover til Solvorn. Vegen tek av riksveg 55 ved Galden 200 m over havet, og er tre kilometer lang. Gjennom mange svingar fører han deg ned til idylliske Solvorn, perla ved Lustrafjorden.

Solvorn har særs godt klima og næringsrikt jordsmonn. Det kan ha vore mektige gardar her i Vikingtida. Ytst på terrassen ved Kjelda, med storslagen utsikt over fjorden og bygda under, ligg ein gravhaug frå tidleg mellomalder. I denne er det funne ein fibula, ei bronsespenne. Dette er eit vanleg funn i gravhaugar frå Vikingetida, og fortel at den gravlagde var ei mektig kvinne. På andre sida av vegen, har utgravingar vist at her låg ein stor jernaldergard.

Ny religion endra gravskikkene, og på den gamle kyrkjegarden ligg fleire historiske personar og mellom dei, Munthe-slekta frå Kroken. Den første kyrkja i Solvorn var truleg ei stavkyrkje. Men reformasjonen krevde at kyrkjene skulle ha sitjeplassar. Mange av kyrkjene vart då for småe, og vart rivne. Den nye trekyrkja, “ en smuk timberbygning”, stod i over 300 år, til han vart riven i 1883. Kyrkja blei seld til gjestgivargarden for 420 kr, og er i dag Galleri Walaker. Den nye kyrkja stod ferdig same året, og tårnet vart innvia av lærar Vigdal. Han var også ein ivrig fjellklatrar, og klatra til toppen av spiret - i tresko.

I det gamle samfunnet var dei fleste knytta til jordbruket og avhengige av det naturen kunne gi. Klimaet vart dårlegare under den lille istida på 1700-talet. Dette gjorde at mange fekk det svært vanskeleg. På garden Sjøthun sette Lars Sørensen Rødberg opp ein stor stein til minne om uåret i 1693, då dei måtte slakta dyra dei hadde på vinterforing - for å overleva. Steinen heiter Kjøtbogen på folkemunne.

Før var det mykje fisk i Lustrafjorden, og kvar haust kom fiskarar frå kysten inn fjorden for å fange brisling. Solvorn hadde òg eige notlag. Det er sagt at ein til tider på 1800-talet kunne gå tørrskodde frå båt til båt over bukta. Utenfor Hamnen lå det ein tønnefabrikk som selde sildetønner til fiskarane. Huset står der framleis.

Rolla til Solvorn vart enno større då sorenskrivaren flytta frå Sogndal til Solvorn i 1813. Eidsvollmannen Irgens kjøpte den gamle handelsplassen Sanden og bygde Christianelyst. Huset er i empirestil, og i alt er det fem bygningar. Hovudhuset har heile tjue rom og var eit av dei største trehusa på Vestlandet i 1814. Eigedomen er no i privat eige. I tillegg til for, korn og poteter, grønsaker, frukt og bær vart det og dyrka tobakk på slutten av 1800-talet. I ein periode vart det bygd mange tobakkshus til tørking av tobakksblada.

No er dei fleste rivne, med det står att 2 slike hus. Eit av husa ved Vetlekaien har framleis gliper mellom plankane slik at tobakken skulle tørka raskt. Frå Vetlekaien, eller Jotunheimens Brygge, gjekk det båt til Ornes og Kinsedal. Og herfra segla dei i fleire hundre år til Bergen med tømmer og ved, ost og smør, skinn og huder, og med salt, reidskap og byvarer tilbake igjen. Det var som knutepunkt mellom jordbruksbygdene på Hafslo og fjorden - resten av verda - at Solvorn vart ein så viktig plass. Det var ein naturleg handelsstad. Hit måtte bøndene med varene dei ville skipa ut fjorden og vidare til Bergen. Her var det butikkar og handverkarer, lensmann, postkontor, telegraf, bank, gjestgivar og tinghus.

På den andre sida av bukta har det vore drive gjestgiveri heilt frå 1640. Walaker hotell er Noregs eldste hotell, og har vore i kontinuerleg drift av den same familien siden 1690. Her møttest handelsfolk frå Bergen, skysskarar med siste nytt frå Veitastrond og bygdefolk for å ta seg ein øl. Walaker hotell er i full drift, og den ærverdige overnattingsstaden er ein attraksjon i seg sjølv. Walaker høyrer inn under dei historiske hotella, og har ope frå april til oktober.

Den gamle tingstova på Walaker opna det første postkontoret i Sogn og Fjordane i 1841. Seinare kom telegrafen. Den nye kaien vart bygd av Jacob Walaker i 1859, og frå 1860 gjekk dampskipet Framnes i fast rute til Bergen. På kaien i Solvorn kunne omreisande handelsmenn, sogningar med ærend hos sorenskrivaren og britiske turistar på fjordsafari, møtast. Dampbåt til Bergen var også første etappe for alle dei unge solvorningane som utvandra til Amerika på1800-talet. Det var trangt om plassen i mange vestlandsbygder.

Mange fattigfolk på små plassar i strandkanten hadde husmannskontrakt med bøndene. Dei vart kalla strandsitjarar. Lokal velstand og stor gjennomgangstrafikk skapte ei marknad for dei til å driva som handverkarar eller lausarbeidarar. Sentrum av Solvornstrondi utvikla seg til å bli eit administrativt sentrum med eit yrande småbyliv. I Solvorn var det fleire landhandlarar med bakeri, lampebutikk, medisinutsal og skomakar.

Kjøpmennene kom ofte frå Bergen eller andre stader, og busette seg i Solvorn for å driva næring. Dei bygde fleire av husa i sveitserstil som ligg på ei rett rekkje om lag 100 meter opp frå strondi. Eit slikt hus bygde også skulemeister og legendarisk fjellførar Johannes Vigdal i 1879. Eit nytt hus blei bygd på same plassen av lensmann Hans Sjøthun i 1950, og dette er i dag ombygd til Eplet Bed & Apple gjestehus og jusfabrikk.

Frå 1950-talet tok bilen over som transportmiddel. Med det nye vegnettet kom Solvorn utanfor allfarveg. Det vart ein avstikkar fra FV 55 ned til Solvorn. Og med det er Solvorn blitt ein av dei best ivaretekne strandsitjarplassane frå slutten av 1800-talet. Solvorn sentrum er idag verna, og ein del av randsona til UNESCO verdsarva på andre sida av Lustrafjorden - Urnes stavkyrkje. Bilferja MF Urnes (bygd 1969) fraktar gåande, syklande og bilar over fjorden til stavkjyrkja, gjerne kombinert med ein sykkeltur langs den “Romantiske vegen“ langs sørsida av Lustrafjorden.

Solvorn idag

Bygda har om lag 220 innbyggjarar, skule og barnehage og er ei levande bygd med mange aktivitetar. Om sommaren blomstrar bygda opp og det er yrande liv i gata og på badestranda.

“Costa del Solvorn” har uoffisielt den høgaste badetemperaturen i Sognefjorden.

Kulturell vandring i Solvorns gater

Kulturell vandring i Solvorns gater

Solvorn si historie strekk seg mange hundre år tilbake i tid.

Mange i bygda kjenner godt til denne historia og vil gjerne dele den med personar med ekstra interesse.

På hotellet er det også fleire historie-interesserte personar, det er berre å spørje oss for kulturelle innslag.

Kanskje blir det ei ekstra omvising rundt i bygda med gamle lensmannen, eller om du er ekstra heldig blir dei lokale Strandsitjardagane heldt når du er her.

Gode Naboar

Sogn Naturmat

Sogn Naturmat har eige godkjend mottak for fisk og skaldyr, og godkjend røykeri for fisk.

I 2021 starta Sogn Naturmat eigen Kafe og restaurant i Solvorn, med fantastisk mat! Me kan på det sterkaste anbefala at de tek turen bort til det renoverte naustet og får dykk ein fortreffeleg matbit.

Sogn Naturmat driv også med naturguiding og tilbyr ulike aktivitetar i nærområdet.

Aktivitetar som: Sjøkrepsfiske, Tur til Setålen, Flugefiske på Hafslovatnet, Familiefiske på Hafslovatnet

Besøk dei på https://www.kvitabui.no/

Edle dråpar

Edle dråpar, med Steffen Hilleren tilbyr ei rekke spennande vinkurs for dykk som vil ha eit koseleg, lærerikt og teambyggande avbrekk i kvardagen.

Steffen Hilleren, utdanna vinkelner ved Norsk Sommelier Utdannelse, har mange års erfaring frå hotell- og restaurantmiljøet, samt vinmonopolet.

Besøk han på Facebook eller kontakt han gjennom vårt kontaktskjema

Solvorn bygdalag

Solvorn er ei lita perle, og plassen hadde aldri vert den same utan den ekstraordinære jobben som blir gjort av bygdelaget.

Dei fleste som bur i Solvorn er på ein eller anna måte tilknytt denne flotte gjengen.

Dei står for alt ifrå oppmerking for turstiar til å bygja det flotte nye stupetårnet, som sto ferdig i 2017.

Eplet Hostel & Apple juice Farm

Ein av våre beste naboar er Eplet Hostel & Apple juice Farm, som driv med alt frå sykkelutleige til eplejuice-produksjon og gardsutsal. Med sine 22 senger og teltplassar er Eplet ein flott overnattingstad!

Vi på Walaker Hotell har i mange år vert storkonsumerarar av eplejuicen frå Solvorn produsert av Agnethe og Trond Henrik Eplet. Det er ikkje tvil her på huset om at desse edle dropane kan konkurrera både med flasker frå kontinentet eller «the-new world»!

Besøk dei på www.eplet.no

Villa Solvorn

Walaker Hotell fekk i 2017 ein ny og spennande Bed and Breakfast-nabo i Villa-Solvorn.

Romma er av ypparste kvalitet og husfolket (Oskar og Eva med familie) er svært hyggelege.

Det er fint å ha gode naboar når høgsesongen sprenger vår kapasitet, eller større grupper vil ha fleire rom enn kva me greier å stå til rådigheit med. Besøk dei på www.villasolvorn.com