Hovudhuset

Hovudhuset til Walaker Hotell har historie som strekkjer seg tilbake til 1630-talet.

I dag husar Hovudhuset resepsjon, serveringslokale og overnattingsrom.

Serveringslokale i Hovudhuset

Walaker Hotell har tre ulike serveringslokale i Hovudhuset.

 

Restauranten er det største serveringslokalet og ligg i den opphavlege serveringsdelen i huset. I restauranten har me bord for ein til åtte personar. Ved større arrangement lagar me langbord, som kan gi plass til 64 gjester.

 

Glasverandaen er noko mindre og har utgang til hagen. Restauranten og glasverandaen er knytt saman, og blir brukt til frukost- og middagsservering. Glasverandaen blir frå tid til anna, brukt som privat serveringslokale for mellomstore grupper, og kan derfor bli avstengd.

 

Salongen ligg innanfor peisestova i Hovudhuset og er avskjerma frå restauranten og glasverandaen. I dette sjarmerande, private rommet, kan ein dekke opp til åtte personar til middag.

Overnatting i Hovudhuset

Hovudhuset har i alt sju historiske rom. To av dei er i kategorien beste historiske rom. Romma ligg i andre etasje, med trappetilkomst frå entreen. Romma har utsikt mot fjord, fjell eller hotellområdet og dei gamle husa.

Salongen i Hovudhuset

Salongen er felles opphaldsrom for alle våre gjester. På våren og hausten fyrer me i peisen. Her kan ein setja seg ned med ei god bok eller eit glas med drikke, medan ein nyt varmen frå peisen og den historiske atmosfæren. Her er også eit piano, for den som har ferdigheitene til slikt.

Uteområdet ved Hovudhuset

Ved inngongen til Hovudhuset er det eit liten, triveleg veranda, med flott utsikt mot fjorden og Ornes. Om det blir kjølig har me varme tepper til låns. På verandaen er det røykeforbod, dette må skje nede i hagen.

 Hagen framfor hotellet gir gode moglegheiter for å nyta finvêrsdagane. Møblane kan ein flytta i takt med sola, så her kan ein bli sitjande i mange timar.

På plattingen utanfor glasverandaen kan ein nyta frukosten i morgonsola, for den som ynskjer det. Kveldssola varmar også godt her, og dersom “Hafslotrekken” vert plagsam kan ein finna le borte ved naustet. Her har ein gode solsenger, og ei sildrande fontene.

 Me tenner lys i lysthuset kvar kveld. Her kan ein sitja etter middag, gjerne med noko god drikke frå resepsjonen. Lysthuset har plass til sju personar.