Walaker Hotell sin vinkjellar

Walaker Hotell har gjennom fleire år bygd opp ein fin, liten vinkjellar.

I tillegg har me omgjort den gamle potetkjellaren til ein dedikert Champagnekjellar. Sjå inngongen til venstre, bak gitterporten, når du går inn i Walaker Hotell sin hage. Her har me eit vidt spekter av Champagne frå kjente og ukjente produsentar. Vintage, så vell som non-vintage.

For å få sjå seg om i Champagnekjellaren forutset det at Ole Henrik Nitter Walaker, 9.generasjon hotelleigar, har tid og stund til å ta deg med. Det er nemleg han som sit med nøkkelen til potetkjellaren.