Walaker Hotell, ei oppleving med kunst- og kulturformidling

Kva vil det seia å vera Noregs eldste hotell? Det er mykje meir enn alder og årstal. – Det er ein ærestittel det står stor respekt av, og store forventingar til. Walaker Hotell ligg yndig plassert mellom høge fjell og djupe fjordar. Her kan du skimta det som ein gong inspirerte nasjonalromantikkens kunstnarar.

Våre gjester vil få eit innblikk i historia som ligg bak ein slik tittel. Me har ein visjon om at våre handplukka tilsette skal gi kvar gjest ei god oppleving. Dei tilsette har blitt valt ut på bakgrunn av sine formidlingsfortrinn - basert på evner, kunnskap og interesser.

Gjennom snart 400 år har personar frå fjern og nær, teke turen til Walaker Hotell. Spora sit igjen og ein kan føla alle åra som har gått, i veggane til bygningane og omgjevnadene rundt. Ein del av opplevinga som gjest ved Walaker Hotell, er mogleiken til å vera med på kunst- og kulturformidling. Med opprustinga av Galleri Walaker 300, ein pensjonert fjøs bygd på material av den gamle 1600-talls tømmerkyrkja i Solvorn, har me skapt den perfekte scene for historieforteljing til hotellets gjester.

Kvar kveld held Ole Henrik ei omvising som byrjar utanfor hotellinngongen og tek gjestene med  på ei vandring gjennom hotellets hage og kunstgalleri. Gjennom denne vandringa vil du få ei innføring i historia til hotellet, bygda og nærområdet, samt sjå korleis Walaker Hotell heng saman med resten av verda.

Hovudansvaret ved kulturformidlinga kviler på skuldrane til niande generasjon hotelleigar, Ole Henrik Nitter Walaker, som saman med resten av teamet, er vel drilla for å kunne svare på det ein måtte undra på. Formidlinga vil vera dynamisk og tilpassa etter kven som kjem til omvisinga. Ein av tyngdene i Walaker Hotell si kulturformidling er dialogen mellom formidlar og mottakar. Gjester som bur i fleire netter kan få oppleva ulike innfallsvinklar når me saman tek turen gjennom historia, kunsten og kulturen.

Walaker Hotell tek deg med på ei historisk reise med det same du set foten innanfor hotellets eigedom, og tek, forhåpentlegvis, ikkje slutt før månadar etter besøket. Saman med våre tilsette tilbyr me ikkje berre den enkle forma for mat og overnatting, men gi ei oppleving som varar i lang tid.