Walaker Hotells restaurant

 

I Hovudhuset føregår frukost- og middagsserveringa, og til det nyttar me fire ulike rom:

Resepsjonen har to bord med fin utsikt mot hagen og fjorden. Det er i resepsjonen gjestene samlast før dei blir ført til bords.

Sjølve restauranten ligg innanfor resepsjonen og har mange bord spredt rundt om i lokalet.

I glasverandaen har me åtte småbord, alle med utsyn mot hagen. Borda kan setjast saman til to langbord ved behov.

Salongen er ei sjarmerande og intim ete stove for små grupper på opptil åtte personar.

Oppbygningen av serveringslokala krever at Walaker Hotell reserverer bord for gjestene før middag, for å skape god flyt ved bordsetjing. Walaker Hotell tek desse atterhalda for at restaurantens gjester skal få den best tenkelege opplevinga. Me plasserer grupper i dei lokala som me anser som best egna, både for gruppene sjølv og for andre gjester på hotellet.

 
 
 

Walaker Hotell sin hage

Hagen til Walaker Hotell er forbeheldt hotellets gjester. Her kan du nyta fred og ro medan sola varmar og fuglane kvitrar. Ved regnvêrsdagar er det hyggjeleg å sitja på terrassen og sjå på skodda som sig over fjorden, men du er også velkomen inn i salongen og peisvarmen.

Kva med eit glas sprudlande champagne eller frisk eplejuice frå Solvorn? Du er velkomen til å bestilla drikke i resepsjonen. Sjå gjerne i vinkartet kva me kan tilby.

 

Walaker Hotells serveringslokale Smalahuset

Smalahuset er det gamle sauefjøset i fyrste etasje av Galleri Walaker 300. Rommet har to langbord med plass til totalt 36 personar. Lokalet er perfekt for bursdagsfeiring eller andre samlingar. Det er moglegheit for privat bildeframsyning med lerret og projektor.

Smalahuset blir utsmykka med kunst i form av bilete og skulpturar, kvar sesong.

 

Walaker Hotells serveringslokale i Tingstova

Vårt serveringslokale i Tingstova er for dei som gjerne vil vera avskjerma frå andre gjester. Lokalet er staseleg innreia med langbord, og små, sjarmerande sitjegrupper.

For å unngå å forstyrre andre gjester ved festleg lag i seine kveldstimar, er det ei forutsetning at ein også bestiller alle overnattingsromma i etasjen over. I Tingstova har ein utgang til hagen.