Fjelltur i Sogn

Frå Walaker Hotell er det mange flotte turmoglegheiter!

Walaker Hotell har god dialog med lokale guidar! Ta kontakt for meir informasjon: hotel@walaker.com

 

Molden

Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden.

Desse flotte 1118 høgdemeterane kan bli nådd både frå fjorden i Marifjøra eller frå Krossen på 500 høgdemeter. Er du ein morgonfugl kan du få med deg soloppgangen frå Molden over Jotunheimen klokka 04.00, før du enkelt rekk frukost her på Walaker Hotell hjå oss!

Trykk her for tur frå Krossen eller Trykk her for tur frå Marifjøra

Frå parkeringsplasen på Krossen, vil ein finna kvar stien byrjar. Halveges kjem ein til Svarthiller, som er ein gamal støl. Frå Svarthiller har ein eit flott utsyn til Urnes på andre sida av fjorden, samt utover fjorden.

Frå Svarthiller svingar stien 90 grader og går i bratt slyng forbi bratte hamrar. Deretter flatar terrenget ut og det er rimeleg lett fram til toppenvarden på Molden, 1118 meter over havet. Her har du heile 360 graders utsikt over det aller meste av Luster om omkringliggjande kommunar.

Normal tid, ca. 2,5-3 timar.

 

Setålen

Går ein i sørleg retning frå Hotellet gjennom sentrum av Solvorn, kjem ein til ein markert tursti. Denne strekk seg både ut langs fjorden til Nyre eller oppøver til Setålen (Ca. 1 time og 30 min.).

Sognnaturmat organiserer guida turar til Setålen!

 

Solvornipa

Frå Setålen (sjå øver) går stien oppover fjellsida mot Fjellstølen (ca 30-60 min. ekstra), før ein til slutt når topp av Solvornnipa med over 1000 høgdemeter og ein tur-retur tid på 7-8 timar).

Etter ein lengre tur anbefaler vi at ein bestiller bord i resturangen for ein betre fire-rettars middag. Berre hugs at middagen byrjar klokka 19.30, så prøv å ikkje bli for sein!

Trykk her for meir informasjon

 

Huarplassen

Ein rundtur opp gjennom bygda kan kombinerast med ein bratt skogstur opp til Huarplassen, som har ei flott utsikt over Solvorn! Når ein deretter kjem ned igjen på gamlevegen kan ein avslutte rundturen på Walaker hotell, med eit glas lokalprodusert eplejuice eller kanskje nokre sprudlande dråper frå Sør-Afrika.

Trykk her for meir informasjon!

 

Legene

Vil ein heller gå på idyllisk traktorsti utan dei store stigningane kan ein også gå langs fjorden på nordsida. Her strekk turen seg ut over mot Lægene (Ca. 3 km) som i byrjinga er ein roleg og fin tur, men som etter kvart kan bli litt vilter.

Ver obs! På denne sida av Solvorn er det ein del flott, så ein anbefala ein real sjekk når ein kjem heim att på rommet.

 

Børesteinen

Børesteinen har ei fantastisk utsikt utover fjorden

Trykk her for meir informasjon

 

Fuglesteg

DNT-hytta på Fuglesteg serverer hellekaker, kaffi og saft for turfolk om sommaren.

Trykk her for meir informasjon

 
Gasta Design