Ski i Sogn

Sogn har fleirfaldige moglegheiter for deg som likar å stå på ski!

Ein liten køyretur frå Walaker Hotell finn ein Sognefjellet, Jotunheimen eller Jostedalen. Her kan ein oppleva snøkledde fjell som byr på fantastiske toppturar med nydeleg utsikt.

Området har turar for ein kvar smak og ferdigheitsnivå. Har ein ynskje om guide kan vi være behjelpelege med å arrangere dette! Når dagens skitur er over, kan lite måle seg med noko godt å drikke ved peisen eller ute i hagen med bålpanna.

Kvelden avsluttast med ein mettande og framifrå fire-rettars middag.

Åsmund Havellen Gurigard