Tingstova

Det finst 4 unike gjesterom i andre etasje, samt ein flott veranda der alle har tilgang. Alle rom har utsikt mot hage og fjord, utanom rom 50, som har utsikt oppover dalen. Tingstova er hotellet sin eldste bygning, datert 1630.

Bygningen vart totalrenovert vinteren 2001/2002 og alle gjesteromma representerar fire ulike stilepokar. Alle romma er historiske.

Tingstova er blitt restaurert tilbake i tid, då huset har vore gjennom alle desse stilperiodane, så kunne det tenkjast at det hadde vore slik dei ville blitt sjåande ut, om dei pussa opp for 200- 300 år sidan.

Alle romma har fått elegante bad i den klassiske engelske stil. Rom 52 og 53 har også elegante badekar.